Jon-Andreas Kolderup (H) meinte det i ein klage var retta uvanleg skarpe angrep mot partikollega Hanne Haatuft (t.v.). Biletet er frå eit kommunestyre tidlegare i år.

– Sjeldan ein klage inneheld så skarpe personlege angrep på ein person i kommunestyret og hennar politiske parti

Statsforvaltaren i Oslo og Viken skal avgjere om Hanne Haatuft (H) var inhabil eller ikkje i ein kommunestyresak i mars i år.

Med eit venta knapt fleirtal, 11-10, vart det etter forslag frå Arbeiderpartiet vedteke å sende saka til avgjerd hjå statsforvaltaren. Forslaget fekk støtte av Høgre.

Senterpartiet slo fast at Haatuft skulle vore kjent inhabil i saka og ville ta klagene til følge og kjenne kommunestyrevedtaket ugyldig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klage

Ein klage frå hytteeigar Christian Grahl-Madsen var sakas kjerne då kommunestyret behandla saka torsdag. Han har klaga på kommunestyrevedtaket frå 31. mars i år då detaljreguleringsplanen for Bardøla Høyfjellshotell vart revidert.

Hytteeigaren meiner Hanne Haatuft skulle vore inhabil, og han retta i klagen også skuldingar mot Haatuft for å ha økonomiske grunnar for å seie ja til endringar i detaljreguleringsplanen ved det som no er kalla Bardøla Fjelltun. Årsaka er at ho er gift med eigedomsmeklar Christian Haatuft, som er involvert i sal av leilegheitene.

– Direkte eller indirekte har også Haatuft hatt ein betydeleg økonomisk interesse i at reguleringsplanen vart vedteken, skreiv han i klagen.

Les også
Skuldar Haatuft for å ha økonomiske fordelar av vedtak: – Direkte eller indirekte
Les også
Senterpartiet støttar klage mot varaordføraren: – Det er gjort ein feil

«Skarpt angrep»

I ein kort debatt vart det tydeleg at Høgre og Ap såg heilt annleis på saka enn Sp. Jon-Andreas Kolderup (H) meinte det var naturleg at saka blir sendt til statsforvaltaren.

– Me er ikkje tent med ein debatt om habilitet no, sa han, og heldt fram:

– Det er sjeldan ein klage som denne inneheld så skarpe personlege angrep på ein person i kommunestyret og hennar politiske parti. Eg vil også seie det er naturleg at Hallingdølen omtalar dette, men det må vere rett å be avisa tenke gjennom form og oppslag.

Oskar Skulstad (Ap):

– Dette er nok ei kjedeleg sak om habilitet og inhabilitet. Eg beklagar dei kraftige skuldingane mot Haatuft og Høgre. Det er beklageleg. Her let me statsforvaltaren vurdere dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Klar over rolla

Senterpartiets Elin Solveig Bondli Lauvrud og Aslak Geir Skurdal fronta eit heilt anna syn.

– Hadde me i Sp vore klar over omstenda i mars, hadde me stemt for at Haatuft var inhabil. Det gjer me i dag også, sa Lauvrud, og heldt fram:

– Utan å spekulere, er det avgjerande korleis dette blir oppfatta blant innbyggarane. Derfrå får eg eit sterkt inntrykk av at representanten burde teke opp habilitetsspørsmålet i mars, og at forholdet mellom hennar ektemann og planfremmar er av typen forhold som er egna til å svekke tilliten til at kommunestyret treff vedtak på objektivt grunnlag.

Frå Senterpartiet og Aslak Geir Skurdal (t.v.) var det klar tale om habiliteten til Høgre-politikar Hanne Haatuft. Her diskuterer han med Sigrid Simensen Ilsøy, Martin Grøslandsbråten og Torstein Seim i tidlegare møte.

Frå Skurdal kom det endå klarare:

– Haatuft må ha vore klar over rolla ho har. No har det vore fleire saker i formannskapet kor det har vorte stilt spørsmål ved hennar habilitet i saker som mannen hennar har hatt med å gjere. Me skal ikkje enkelt feie dette under teppet. Viss statsforvaltaren no seier at ho er habil, ja, då har ho i prinsippet rett til å stemme i alle saker der mannen hennar jobbar.

Les også
Festival og ni bedrifter får økonomisk støtte
Les også
16 millionar frå staten: – For mange har pengane vore avgjerande

«Økonomiske forhold»

Senterpartiet fremma forslag om å ta klagen til følge og at behandlinga av saka i mars ikkje var i tråd med forvaltningslova. Då er vedtaket ugyldig, må opphevast og saka må tilbake til administrasjonen for ny behandling.

Sp la i sitt forslag til at det skulle leggast «avgjerande vekt» på at det er økonomiske forhold mellom planfremmar og Haatufts ektemann, som i det offentlege blir oppfatta som særeigne forhold som er egna til å svekke tilliten til Haatufts upartiskheit.

For dette fekk Sp støtte frå Venstre og Lotti Larsgard (Ap), men det var ikkje nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed blir det Statsforvaltaren i Oslo og Viken som avgjer saka.

Les også
Vart kalla for «meisterleg historieforteljar» - no er ho nominert til gjæv pris
Les også
Tiltalte forklarte seg: – Eg ville aldri ha drepe henne
Les også
Såg trea forsvinne i raset: – Det høyrdest ut som eit fly skulle styrte
Les også
Politiet finn ikkje brannårsaka - legg vekk saka