No kan Heidi og Ole Martin likevel få feriestøtte: – Veldig fornøgde med at dette blir eigen sak
Personar med nedsett funksjonsevne kan likevel få feriestøtte i Hol.
Høgre har no fått gjennomslag for at søknadene skal behandlast politisk i formannskapet.
– Søknadene blir behandla individuelt. Då kan me politisk seie ja eller nei, seier Hanne Haatuft.
Artikkelen held fram under annonsen.
Støtteordninga forsvann
I mars fortalde Hallingdølen historia om Ole Martin Kinn Dolva og Heidi Løvlie, som kvar for seg må ha med seg hjelparar når dei skal reise på ferietur utan foreldra sine. Dei har tidlegare kunne søkt om pengar frå ein pott i kommunen til å kome seg på tur.
Potten var først på 100.000, deretter vart den redusert til 50.000. Men etter to år med koronapandemi, forsvann ordninga.
Formannskapet avgjer
Høgre har teke opp saka gjennom vinteren, og får no gjennomslag for at søknader om feriestøtte skal behandlast politisk. I ein interpellasjon i sist kommunestyre bad Haatuft om at ordførar Petter Rukke (Ap) må sørge for at søknader må behandlast i formannskapet.
– Dette er ei sak me ville følge opp. Og no er me veldig fornøgde med at dette blir eigen sak i formannskapet, seier Haatuft.