Datatrøbbel ved NAV Gol og Hemsedal har i sommar sysselsett både NAV-leiar Bjørn Skjelseth, teamleiar Janne Brøndbo, og ei rekkje andre NAV-tilsette.
Datatrøbbel ved NAV Gol og Hemsedal har i sommar sysselsett både NAV-leiar Bjørn Skjelseth, teamleiar Janne Brøndbo, og ei rekkje andre NAV-tilsette.

Datafeil kan gi kostnadssmell for NAV

Ein feil under oppgradering av eit dataprogram hos NAV førte til at alle opplysningar om økonomisk sosialhjelp frå 2015 til juli 2016 vart sletta.

Etterpå har NAV-tilsette jobba på spreng for å bli à jour igjen.

– Me er ferdige med den akutte fasen og har kontroll, seier Janne Brøndbo, teamleiar i NAV Gol og Hemsedal. Ho meiner ein har klart brasane utan skadelidande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det har vore ein kjempedugnad. Tilsette har avbrote ferien og jobba overtid, seier ho. Dette fører til kostnader som det ikkje er budsjettert med. Korleis rekninga vil bli og kven som må ta den er uvisst.

– Det vil nødvendigvis måtte bli ein grundig gjennomgang av skuldspørsmålet, seier ho. Det var under oppgraderinga av eit eksisterande datasystem til ein nyare versjon at tidlegare data frå den kommunale delen av NAV gjekk tapt. Sommaren har gått med til plotting.