Anderssons underfundige strek reiser «heim»
Laurdag opnar ålingen Trond Andersson salsutstilling i Galleri Grette på Notodden. Med seg har han 42 blyantteikningar, produsert dei siste fem åra.
Når teiknaren tek fram blyanten, tek karakterane til å røre på seg. Dei er underfundige, annleis og røper ein strek som gjennom åra har perfeksjonert seg innan sjangeren.
Gubber og stubbar
Frå 19. mars til 23. april har du høve til å sjå dette anderssonske universet i Galleri Grette. Utstillinga heiter «Teikningar 2017-2022».
Artikkelen held fram under annonsen.
Finurlege formasjonar vekkjer fantasien for Andersson. Rare røter og stubbar gir liv til karakterane som har forskjellige gjeremål. Ein kan tydeleg sjå kunstnargleda gjennom strekane på arket.
Bokutstilling
Også bøkene og andre publikasjonar frå Trond Andersson blir stilte utpå biblioteket i Notodden. Mellom anna bøker om fisking, om eventyr og dikt.
– Alle mine publikasjonar, bøker og katalogar, og så vidare. Det er vorte ein del, fortel Andersson som gler seg til å stille ut på heimstaden.