Trafikkulykke på Hemsedalsfjellet - vegen er open att
Rv52 Hemsedalsfjellet er open att etter ei trafikkulykke ved Breistøl på vestsida.
To vogntog og ein personbil var involvert i hendinga. Vegvesenet melde at vegen var stengt på grunn av bilberging. Litt etter klokka 17:30 vart vegen opna att.
Påkøyrd bakfrå
– Det er snakk om påkøyrsle bakfrå. Ein av lastebilane har truleg stoppa og så køyrde dei andre bilane inn i den. Personbilen vart klemt mellom lastebilane, opplyser Jørgen Ommedal i Vest Politidistrikt til Sogn Avis.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje meldt om personskader.
Opne vegar
Fredag er også alle tre fjellovergangane opne:
Rv7 Hardangervidda
Rv52 Hemsedalsfjellet
Fv50 Hol-Aurland
For siste oppdaterte trafikkmeldingar klikk her