Heftig mål i rett tid
Hallingdal bør klare å få til 200 nye arbeidsplassar dei neste tre åra. Det seier Maria Grevsgård som leier prosjektet «Sats på Hallingdal» som regionrådet står bak. Utviklingsarbeidet er forankra i alle kommunestyra i dalen.
Prosjektet er resultat av at Hallingdal har fått omstillingsstatus. Det blir finansiert med midlar frå Viken fylkeskommune, og bidrag frå kvar kommune. Totalt skal 4,6 millionar årleg i tre år nyttast til å stimulere næringslivet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bakgrunnen for at Hallingdal søkte omstillingsstatus var at regionen i fleire år har sakka akterut samanlikna med sentrale strøk. Eit ras av permitteringar under pandemien, mellom anna i turistnæringa, gav dessutan ei dramatisk påminning om at arbeidsmarknaden i øvre Buskerud ikkje er så mangesidig som ynskjeleg.
Samtidig vel ein å ikkje kaste vrak på det som fungerer godt. Reiseliv, industri og bygg og anlegg skal framleis vera sentrale byggesteinar.
Det trur me er lurt. Me trur også at det innan desse næringane er mogleg å omdanne fleire av arbeidsplassane til fast busetnad.
Dersom «Sats på Hallingdal» når målsetjinga si, er det snakk om ein vekst på 2,5 prosent i løpet av tre år. Dagleg leiar i regionrådet, Jan Olav Helling, innrømmer då også at målet om 200 nye arbeidsplassar innan tre år er ambisiøst.
Likevel treng det ikkje vere umogeleg. Til samanlikning hadde privat sektor i Hallingdal ein vekst på 1,1 prosent i femårsperioden frå 2016-2020. Sidan den tid har det, berre i industrien, kome om lag 100 nye arbeidsplassar her i dalen. Regionrådet har historia på si side.
Når det gjeld det historiske kan me også ta med at Hallingdal har lukkast med slike lyft tidlegare. Då kraftutbygginga gjekk mot slutten, på seksti- og utover syttitalet, vart det teke same type initiativ som det me ser i dag.
Utviklinga av industri- og næringsområda i dei ulike kommunane starta den gongen. Dei største satsingane fann me i Kleivi og i Nesbyen. Dette er næringsområde som framleis er i vekst. Det er dermed ingen tvil om at næringsutvikling, av typen det no blir satsa på, kan bera frukter.
Samtidig er det skjer i sjøen. Det er krig. Straum- og drivstoffprisen er i vill galopp, og me har nett karra oss i gang att etter ein pandemi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her vil me berre nøye oss med å peike på det meir lokale. Det er for få bustader på den lokale marknaden. Bulyst er eitt av dei viktigaste argumenta for å etablere seg i eit område. Då held det ikkje med å lokke med fin natur. Dersom unge familiar skal velje Hallingdal, må dei rett og slett ha tak over hovudet.
Slik det ser ut no er fleire av kommunane i den situasjonen at det er på bustad-sida politikarane kan bidra mest til dette prosjektet.