Daniel Kvammen drog fram gitaren i Rio de Janeiro.
Daniel Kvammen drog fram gitaren i Rio de Janeiro.

Song for regnskogen

Daniel Kvammen deltok i veldedigheitskonsert i Rio de Janeiro sist fredag.

Det var Oslo Strings som fredag arrangerte konsert i Rio de Janeiro, til inntekt for Regnskogfondet. Musikar Daniel Kvammen frå Geilo var blant dei som bidrog, saman med til dømes den brasilianske artisten Liah Soares frå Amazonas.

Kvammen har den siste tida hatt eit musikalsk samarbeid med Oslo Strings og det brasilianske ungdomsorkesteret Camerata Laranjeiras.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konserten vart halden i den nye sjømannskyrkja i Rio, og det norske konsulatet og fleire næringslivstoppar har engasjert seg.