Håpar på nedfartsløysing innan 1. april
Det rår ny optimisme om nedfart til sentrum i Hemsedal. Men det er uvisst om noko vil skje i 2013.
Torsdag 20. desember drog ein delegasjon frå Hemsedal til Åre i Sverige for å drøfte nedfartsløysing.
– Det var eit veldig positivt og konstruktivt møte, seier Ola Halvar Jorde på vegner av grunneigarane. Skistar-leiinga både i Sverige og Hemsedal var representert. Det same var grunneigarane og Hemsedal Næringsforening.
Artikkelen held fram under annonsen.
På plass innan 2014
Målet er å skape ein alpin forbindelse mellom Trøym sentrum og Hemsedal Skisenter. Forhandlingane har halde på i fleire år. I vinter braut dei saman, men sist i desember er dialogen komen i gang att.
I første omgang håpar grunneigarane dei vil klare å spikre dei siste detaljane innan fristen dei er blitt samde om. Det betyr 1. april. Dernest har Skistar-leiinga sagt dei skal klare å kome i mål med nedfart seinast innan utgangen av 2014.
– Eg har god tru på at me skal klare å få dette på plass innan fristen. Kanskje kan me også kome i gang med grunnarbeid alt i 2013, seier Jorde.
Detaljar må på plass
Møtet skal ha resultert i at det no langt på veg er semje om alle dei tre områda som ein nedfart rører ved. Det gjeld areal underlagt Totten Sameige i Tottefjellet, areal i tilknyting til sjølve alpinnedfarten og korleis ein skal få ein oppfart etablert.
For grunneigarane i Totten Sameige betyr det at det ligg an til ei reforhandling av leigeavtalane om grunn til Skistar. Ein nedfartsavtale der samtlege grunneigarar er med må også på plass. Når det gjeld oppfart er det semje om at ein skal få til ein eller annan form for returheis til Hemsedal Skisenter.
Blir politikarmat
Returheisen har vore ein av dei store bøygane til no. Næringsforeninga vil stå i spissen for å lande avtalar på dette området. Leiar i Hemsedal Næringsforeining Kjell Ove Anderdal var med på møtet, saman med styremedlem Øystein Søreide. Anderdal stiller seg bak optimismen grunneigarane sit att med.
– Det skal bli ei løysing. Då får me til ei eller annan form for returheis også. Me håpar innan same tidshorisont, men det står også på kor raskt kommunen klarar å behandle områdeplanen for Trøym, seier han.