Kva gjorde denne personen inne på hyttetomta i Ustedalen sundag kveld? Det er hytteeigaren som spør.

Kvifor luskar denne karen rundt hytta? - Det kjennest ubehageleg

Fyrst ein, så ein person til. Kvifor saumfôr dei området rundt hytta i Ustedalen i Hol?

Det er hytteeigaren som spør. Han ønsker ikkje å stå fram med fullt namn, og på den måten identifisere både seg sjølv og hytta. Men han deler gjerne observasjonen han gjorde sundag ettermiddag via videokameraet. Han var ikkje på hytta då det skjedde.

– Eg har videokamera på tomta som blir aktivert når noko skjer. Litt før klokka 18 sundag skjedde det ting, fortel hytteeigaren til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snokar rundt, snakkar i telefon

Videoopptaka er tydlege. Fyrst kjem ein person inn på tomta, ein person det er lett å identifisere. Han snokar rundt, snur att og går. Hytteeigaren har ikkje lagt ut bilete av vedkomande.

Men så kjem ein til.

– Han snokar også rundt og pratar i telefon. Har tydeleg kontakt med folk i ein bil. Ein kan høyre snakk, men det er vanskeleg å fange kva som blir sagt, fortel hytteeigaren.

Personen er interessert i eit uthus, som er stengt og låst.

Det er denne karen han har delt bilete av, via nokre naboar, på Facebook.

– Verkar tvilsamt

Kva gjorde dei to karane på tomta? Hytteeigaren har ikkje noko klart svar, og vil ikkje utan vidare slå fast at dei var ute på ulovleg oppdrag.

– Det kan jo vera ein grunn til at dei var rundt og kikka. Leitte dei etter eit hus? Men det verkar tvilsamt, innrømmer han.

Les også
Innbrotstjuv tatt på fersken: - Eg ropte til han, då heiv han seg ned stigen i vill fart

– Kor lenge pågjekk seansen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst kom den eine og var eit minutt eller to. Så kom nestemann. Det varte kanskje 7-8 minutt, fortel han.

– Ikkje særleg greitt

Han vil ikkje blottlegge personane utan å vite kva oppdrag dei var ute på. Men politiet har fått både stillbilete og klare signalement på bilen som var i bruk. Det kan vere greitt å ha liggande dersom det skulle oppstå ei politisak i næraste framtid.

– Det er ikkje stole noko, korkje hjå meg eller naboen. Men det kan virke som at personane var ute og sonderte terrenget, seier hytteeigaren.

– Korleis opplever du hendinga?

– Eg synest ikkje det er særleg greitt. Både kona og eg kjenner det ubehageleg. Eg var oppe ved femtida i dag tidleg og sjekka om videokameraet hadde fanga opp ny aktivitet. Ein blir meir på vakt, seier han.

Les også
Har skrive avtale med kjede: - Blir krava oppfylt, går det mot sal
Les også
Hadde ysteriet framleis vore på garden, hadde dei fått straumstøtte
Les også
– Sjefen seier ein sel meir om ein pratar halling