Vedtak tysdag kveld: Buskerud Ap vil skrote Viken
Tysdag kveld vart det klart: Arbeiderpartiet i Buskerud går inn for oppløysing av Viken.
Stemmetala i representantskapsmøtet i Buskerud Ap gav fleirtalet dei fleste venta. 49 av 56 røysteføre stemte for å skrote Viken.
Ringerike Ap fremma forslag om å behalde Viken, men det fekk berre sju stemmer. Blant mindretalet var Flå, Ringerike og Jevnaker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter at styret i fylkeslaget sa nei til Viken sist veke, var det inga overrasking at også representantskapet sa nei.
– Politisk vegkryss
Leiar i representantskapet, Martin Kolberg, har vore tydeleg på at Viken må skrotast. Til møtet sa han at regjeringsplattforma inviterer til oppløysing. Det Ap-leia fylkesrådet har også gått klart inn for oppløysing, understreka Kolberg.
– Det er viktig at alle ser dette i eit langsiktig perspektiv. Korleis vil alternativa sjå ut om ti og 50 år fram i tid? Eg er sikker på at det er i det lengre perspektivet oppløysing eller vidareføring vil gjere seg gjeldande. Hugs dette, sa Kolberg.
Partiveteranen kalla dette eit «politisk vegkryss», og festa samtidig lit til finansminister Trygve Slagsvold Vedums (Sp) lovnader om finansiering.
– Må gå framover
Flå-ordførar Merete H. Gandrud utgjer mindretalet i styret. I møtet sa ho:
– Eg er ordførar i den minste kommunen i Viken og har ei anna oppfatning. Viken har ikkje fått vist kva den kan levere enno. Det er først no tida er inne for å la dei blomstre. Økonomien til det nye Buskerud er urovekkande. Det er færre innbyggarar, bortfall av kraftpengar. Blir me robuste nok? Det blir eit nytt Buskerud med ny organisering. No må me gå framover og slutte å gå i ring.
Bindande vedtak
No peiker alle piler mot exit Viken, men det er representantskapet i Viken Ap som avgjer det heile 5. februar. Vedtaket er bindande for fylkestingsgruppa i fylkestinget 23. og 24. februar.
Men vedtaket tysdag kveld er derimot ikkje bindande for Buskeruds delegat til Viken Aps representantskap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje Kolberg er det rett nok tradisjon i Buskerud Ap for at vedtak i representantskapet er «sterkt førande», som han uttrykte det. Det betyr at representantane som møter 5. februar no har fått eit tydeleg signal om kva dei skal røyste. Dette understreka også Gandrud. Ho vil halde seg lojal til dette vedtaket.
Får Akershus fleirtal?
Avslutninga på hausten og vinterens store politiske sak ligg an til å bli ein politisk thriller. I Akershus har eit klart fleirtal sagt ja til å behalde Viken. I representantskapsmøtet der stemte 53 for Viken mens berre 15 røysta mot. I både Buskerud og Østfold seier dei nei.
Fram til no har mandatfordelinga på 100 i Viken Aps representantskap vore fordelt slik: Buskerud og Østfold 52 og Akershus 48. Men det går no føre seg eit arbeid for å avgjere om det er medlemstala frå 2020 eller 2021 som skal gjelde. Normalt er det medlemstala ved utgangen av året som skal telje. Dersom 2021-tala blir tellande, er det ein moglegheit for at Akershus kan auke talet på delegat på grunn av stor medlemsvekst i fjor.