Med færre smitteverntiltak er elevar ved Gol Vidaregåande redde for å vera den som smittar andre. F.v.: Sigrid Vestheim, Synne Lio, Eiril Lyngstad Linderud og Maria Hagen Paulsen.

Skulane opnar opp: - Me vil heller vera heime enn å vera den personen som smittar andre

Vidaregåande skular går no frå raudt til grønt nivå. - Me vil heller vera heime enn å vera den personen som smittar andre, seier elvevar ved Gol vgs.

– Gult nivå hadde vore meir naturleg, seier elevrådsleiar Bjørn-Egil Johnsen Tørrissen.

Fredag ettermiddag vart det kjent at Gol innfører gult nivå ved alle skular på grunn av høge smittetal den siste veka. Det er ikkje kjent kor lenge dette tiltaket vil vare, men kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam seier det vil bli lempa på så snart situasjonen tillèt det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette var ikkje elevane kjent med enno då Hallingdølen besøkte skulen fredag føremiddag.

Reagerer

Men i utgangspunktet skal alle skular i Norge no driftast på grønt nivå.

Dette nye tiltaket kom overraskande for dei Hallingdølen møtte fredag.

– Det er dagar eg har valt å bli heime fordi eg er redd for å bli smitta, seier Hanna Maria Auve Ward. Ho er nestleiar i elevrådet og sit på skulen saman med Tørrissen.

Les også
Enorm auke i smitte: – Me er bekymra for den brå stigninga

– Eg har tre jobbar ved sida av studiet, kor det å bli smitta vil vera kritisk, seier ho.

Ward seier ho forstår at alle i samfunnet etter kvart skal bli smitta, men at å opne skulane for fullt ikkje er løysinga.

– Me har roller i samfunnet me også. Sjølv om det er positivt at me får kome tilbake til skulen, så er det jo ein grunn til at det har vore stengt til no. Me har også roller som vil ramme samfunnet om mange av oss blir smitta på same tid, forklarar geilingen.

Tørrissen er samd:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det burde gjerast meir forsvarleg. No kjem smittetala til å auke med grønt nivå, seier han. I klasseromma våre har me ingen sjanse til å halde avstand.

Hanna Maria Auve Ward og Bjørn-Egil Johnsen Tørrissen reagerer på at skulen går rett til grønt nivå.

Vil regulere lokalt

Begge er einige i at det er positivt å koma tilbake til skulen, for det sosiale, men Tørrissen meiner eit nasjonalt gult nivå hadde vore betre.

– Då er me fleire samla, men med restriksjonar som reduserer smitte.

I tillegg til ein vanskeleg logistikk rundt smitte og karantene, peikar elevrådsrepresentantane på kryssing av kommunegrenser.

– Til skulen kjem det folk frå Hemsedal og Hol, kommunar med høge smittetal. Me tek skulebuss saman med yngre elevar frå barneskulen. Sjansen for å bli smitta aukar betrakteleg, seier dei to.

Les også
Nye reglar for karantene og skjenkestopp klokka 23: Her er dei nye tiltaka
Les også
Dette må du vite: Slik er dei nye reglane for karantene

Dei håpar dei at Gol ville sjå på lokale løysingar.

– Me håpar at me får lokale restriksjonar ettersom trykket er som det er og at me held oss på eit høgare nivå enn grønt enn så lenge.

Nokre timar seinare vart dei altså høyrt, då Gol bestemte seg for å stramme til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag kveld melde regjeringa at vidaregåande skular skulle gå i grønt nivå. Fredag kom kontramelding frå Gol kommune som sette nivået til gult.

Redd for å smitte andre

Det var få elevar på skulen fredag, men i kantina sat ein gjeng frå idrettslina. Dei er fornøgd slik ting har vore fram til no.

– Me synest det er rart at alle skal tilbake på skulen når mykje anna i samfunnet er stengt, seier dei.

Les også
Nye skjenkereglar: – Presset vart vel for stort, og grunnlaget for svakt
Les også
Kulturhussjefen om nye tiltak: – Eg var nesten litt usikker på om eg høyrde riktig

Slik ting har vore sidan nedstenginga i desember har dei vore på skulen to til fire dagar i veka.

– Det er kjedeleg å sitja heime, sosialt sett, men det kan vere behageleg også, seier dei.

Problemet med koronapandemien er ikkje at dei er redde for å bli smitta, men faren for å smitte andre, seier jentene som går tredje året.

– Me vil heller vera heime enn å vera den personen som smittar andre, forklarar dei.

Tørrisen og Ward er også redd for konsekvensane ved å smitte andre.

– Då kan ein bli baksnakka og sett på som ein smitteberar. Det er framleis eit stigma rundt det, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tok ikkje skrekken av busskrasj: – Me kjem tilbake. Ei ulykke stoppar ikkje oss
Les også
Video: Her ser du bussane krasje i trailerane
Les også
Var med på berging og opprydding: — Det var ekstremt glatt veg