Sju smitta i barnehage - held opent som vanleg
Seks barn og ein tilsett er smitta av koronaviruset ved Sando barnehage i Ål.
Dei positive testane kom i løpet av helga. Barnehagen held likevel opent som vanleg, slik Folkehelseinstituttet (FHI) har tilrådd.
– Det er ikkje uventa at dette kjem, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Smitte kjem til å vere den nye normalen framover. Heldigvis er dei med risiko for alvorleg sjukdom godt verna med vaksinering.
Bøyum seier vidare at strategien til sentrale myndigheiter ikkje lenger er å stanse smitte, men å bremse den slik at ikkje for mange blir sjuke samtidig.
– Då kan samfunnet få problem med å drifte tenestene sine, både helse og andre funksjonar. For den enkelte av oss er dette noko nytt me må venne oss til, seier ho.
Ål har i løpet av årets første veke fått 44 smittetilfelle.