11 smittetilfelle blant skuleelevar i helga: – Har den oversikta me treng
Seks elevar ved barneskulen og fem ved ungdomsskulen i Gol har testa positivt for koronaviruset. Men skulen held opent som normalt.
– Elevane i dei aktuelle klassane har testa seg gjennom helga, så dei som er negative møter på skulen som planlagt. Me ser ikkje nokon grunn til å tenkje raudt nivå eller stenging no, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
– Me har vore gjennom dette ved tidlegare smittebølgjer og har gode nok tiltak til å kunne handtere det. Det er viktig å halde ope skuletilbodet for barna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sist veke vart det kjent at Gol hadde fått smittetilfelle knytt til barneskulen. Det gjorde at fleire måtte teste seg i løpet av helga.
– Det vart tatt planlagde heimetestar i helga som følgje av utbrotet, og det gav seks nye tilfelle. I tillegg fekk me inn nokre tilfelle i eit trinn på ungdomsskulen som har utløyst meir testaktivitet. Me har landa på fem smittetilfelle der, seier Thurainayagam.
Altså kom det 11 nye tilfelle totalt gjennom helga knytt til skulen. Det er også kjent smitte knytt til to barnehageavdelingar i Gol.
Helga har gått med til aktiv smittesporing i kommunen.
– Me kjenner me har den oversikta me treng. Som følgje av dei nye tilfella vil det nok bli litt testaktivitet den kommande veka, seier Thurainayagam.
Han påpeiker vidare at me er inne i ei stor nasjonal smittebølgje, og at det ikkje er uventa at det dukkar opp ein del smitte lokalt no.
– Erfaringar frå dei siste vekene viser at infeksjonen er mild, så eg er ikkje veldig uroleg. Fokuset er å få bremsa ned utbrota og ha kontroll. Der meiner eg me er på rett spor, seier kommuneoverlegen.