Det brann skikkeleg då brannmannskapa kom fram til hytta i Storhovda på Geilo.

Begynte å brenne bak open peis: - Eg vil berømme brannmannskapa

Litt før klokka to natt til måndag begynte det å brenne i ei hytte i Ustedalen i Hol.

Det var ingen personar i hytta som ligg i Storhovda, inst i Ustedalen på veg mot Ustaoset.

Brann på inn- og utsida

Det var forbipasserande som fyrste melde om brannen. Omtrent samtidig varsla ein nabo som såg både røyk og flammar frå den eldre ombygde hytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då me kom fram til hytta, var det full overtenning både på innsida og utsida av veggen, fortel utrykkingsleiar i Geilo brannvesen, Reidar Brusletto.

Mannskapa heiv seg rundt og fekk pøst på vatn med ein gong dei var framme. Hytta ligg på ein liten bakketopp, så mannskapa sprang opp dei 20-30 meterane for å kome i gang med sløkking umiddelbart.

– Eg vil berømme mannskapa for svært rask handling, seier Reidar Brusletto.

Hyttebrann i Storhovda på Geilo. Brannmannskapa måtte opne ytterkledningen for å kome til brannen bak peisen.

Saga seg gjennom

Etter å ha fått dempa ned flammane, begynte arbeidet med å få kontroll på brannen.

Søraust 110 melde på Twitter at det brann oppover veggen bak ein open peis inne i hytta. Reidar Brusletto fortel at det var ei utfordring å kome til fordi det brann i veggen bak peisen.

– Me måtte sage oss gjennom kledninga for å kome til inne i veggen, fortel han.

Men dei lykkast fyrst med å slå ned flammane og hindre at det tok skikkeleg fyr i taket. Deretter opna dei opp veggen og fekk kontroll på brannen.

Reiste kvelden før

Hytteeigaren hadde reist frå hytta kvelden før. Det var ingen personar i hytta då det begynte å brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannen kunne ha utvikla seg meir viss det ikkje hadde vore for personen som varsla om brannen. Ifølge søraust 110 hadde vedkomande starta sløkking med brannsløkkingsapparat før brannvesenet kom på staden. Dette dempa flammane noko.

Det var ifølgje søraust 110 aldri fare for at brannen skulle spreie seg til bygningar omkring.

– Er hytta totalskadd?

– Ho treng i alle fall omfattande renovering, opplyser Reidar Brusletto.

Les også
Delte ut 1,4 millionar - ti bedrifter får støtte
Les også
Køyrde med revolver i bilen
Les også
Set strek etter medlemsjuks - skuldar 52.000 kroner til den katolske kyrkja