Mange utforkøyring - såpeglatt på vegane
Vêrskifte fører til svært vanskelege køyreforhold torsdag.
Politiet melder om fleire ulykker, men ingen med alvorlege skader.
– På Rv52 frå Gol til Hemsedal, og i Lykkja-området i Hemsedal, er det meldt om fire-fem utforkøyringar, opplyste Øyvind Hammervold ved politiet søraust litt før klokka 14.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heldigvis har dei ingen informasjon om alvorlege ulykker.
Måtte ha veghjelp
Journalist Line Sandvik i Hallingdølen køyrde langs Lykkjavegen på ettermiddagen. Der var det glatt, og fleire bilistar fekk problem. Naf Veihjelp måtte til for å få bilar på vegen att.
I Kvislabakkane i Hol vart det meldt om trafikkproblem og langt på veg full stans.
Underkjølt regn
Det er vêrskifte som skaper vanskane. Det skiftar frå kaldt ver, til varmegrader, og det skjer samtidig med litt nedbør. Resultatet er underkjøt regn som gir svart glatt vegbane.
– Køyr etter lovverket, er det saklege rådet ril Øyvind Hammervold. I det ligg det å køyre forsiktig.
Måtte stoppe heis
Vêrskifte er merkarbart på fleire måtar. I Hemsedal skisenter vart vindkasta så sterke torsdag at Tindenheisen måtte stengast. Ein person måtte reddast ned frå heisen. Redninga skjedde utan dramatikk, opplyser Andreas Smith-Erichsen i Skistar Hemsedal.