Torstein Seim (Sp) vil ha ein ny diskusjon om pristak på straum i Hol.

Vil diskutere pristak på straum: - Eg meiner me har råd til det

Pristak på straum blir ei politisk sak i Hol på nyåret.

Sp-politikar Torstein Seim har teke opp spørsmålet om pristak politisk i desember for «å minne forsamlinga om det», som han seier.

– Det er på tide at me vurderer pristak att. Det meiner eg me har råd til, men det er vel ikkje alle som ser det slik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stopp i 2014

Hol hadde i ei årrekkje pristak på straum for innbyggarar og næringsdrivande. Ordninga vart stoppa i 2014. Men etter ein haust med rekordhøge straumprisar, har spørsmål om pristaket dukka opp att.

Vedtaket frå 2014 har då også eit punkt der det heiter at formannskapet kan fremje ei ny sak for kommunestyret dersom straumprisane stig.

– Eg meiner me kunne hatt eit tak på 38 øre/kWh, seier Seim.

Les også
Produserer snø til 50.000 kroner dagen: - Rein galskap, men nødvendig
Les også
I dag kostar det 1000 kroner i straum å mjølke geitene: - Det er ganske dramatisk

Pristak

Den gamle ordninga innebar at uansett kor høg marknadsprisen var på straum, slapp innbyggarane å betale meir enn 45 øre/kWh. Fram til 2009 var prisen 30 øre. For næringsdrivande var prisen 40 øre. Då kommunestyret avvikla ordninga i juni 2014, var straumprisen godt under pristaket. Slik har det for det meste også vore sidan.

Ber staten gripe inn

Ordførar Petter Rukke (Ap) seier det kjem ei utgreiing om pristak etter nyttår. Då vil det bli ein brei diskusjon om temaet. Samtidig har Rukke kontakta stortingsrepresentant og partikollega Even Røed denne veka. Rukke viser til straumeksporten til Europa.

– No må dei gripe inn. Det må vere eit statleg ansvar å få kontroll på straumprisane. Me må sikre eigen straum, seier Rukke.

Les også
Treng du eit trøystens ord? Her er straumprisen for i morgon
Les også
Etterlyst i heimlandet - arrestert i Hallingdal
Les også
OL-uttaket: Berre éin halling har fått klarsignal til Beijing
Les også
Endå ei gladnyheit - Protan blir verande i Hallingdal