Har du ovn, så fyr med ved. Tysdag passerer straumprisen seks kroner - før nettleige.

Tysdag må du betale seks kroner for kilowattimen - før nettleige og moms ...

Det er gamalt nytt å melde om rekordhøge straumprisar.

Tysdag er likevel ein ny merkedag. Ifølgje Nordpool vil straumprisen passere seks kroner på det dyraste tidspunktet.

Og det tidspunktet er mellom klokka 17 og 18. Då er straumprisen 6,00 kroner for kilowattimen. Dette er det du betaler for straumen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På toppen kjem nettleiga på 56 øre og moms på 1,50 kroner. Til saman må me denne timen betale 8,06 kroner pr kilowattime.

Straumprisen varierer gjennom døgnet. På dei billegaste tidspunkta, det vil seie på natta, vil prisen vere ned i vel 2 kroner kilowatt timen. Også det er mange gonger så høgt som det normale.

Snittprisen tysdag er i vårt område 3,87 kroner for kilowattimen.

Då er det godt å vite at staten går inn og dekker 55 prosent av prisen når han passerer 70 øre. På det dyraste tidspunktet betaler dermed staten 3,09 kroner og du sjølv 2,91 kroner for kilowatt timen.

Les også
Her ser du nordlys over Golsfjellet: - Heilt magisk når det er slik
Les også
Arbeidsulykka i Nesfjellet: – No skal me ta vare på alle dei involverte og lære
Les også
Reagerer på regjeringas koronakompensasjon