Smittetrykket i Hallingdal: 94 smitta den siste veka

Det er mykje smitte i Hallingdal. Hardast råka er framleis Hemsedal.

Hemsedal står registrert med 64 smitta dei siste to vekene. Ifølgje ferske tal Hallingdølen har fått frå kvar enkelt kommune har Hemsedal dei siste sju dagane fått 30 nye smittetilfelle.

Kommunen er framleis blodraud på smittekartet, med 2474 smitta per 100.000 innbyggar. Det gjer dei til ein av dei hardast råka kommunane i heile landet akkurat no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nore og Uvdal er blant dei få kommunane som har eit endå høgare tal. Her er 64 personar registrert smitta dei siste to vekene, same tal som i Hemsedal. Men sett opp mot innbyggartalet blir resultatet endå meir raudt. Det er i hovudsak eit julebord på Vasstulan som har ført til den eksplosivt aukande smitta.

Ål har også fått ein del smittetilfelle den siste veka. Her har 22 personar fått bekrefta koronasmitte. Blant desse er fleire skuleelevar ved Torpo skule. 169 personar har blitt testa gjennom dei siste sju dagane.

Les også
20 smitta så langt denne veka: Seks elevar testa positivt

Også i Hol har dei testa mange, 160 personar. Men berre sju av prøvene har slått ut positivt.

I Gol har 19 personar fått bekrefta smitte. 10 av dei har kome sidan måndag. Som Hallingdølen skreiv torsdag er noko av smitta knytt til barnehage og skule, men kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam melder om ein oversiktleg situasjon.

I Nesbyen har 18 personar testa positivt sidan 10. desember. I Flå har 34 personar blitt testa, men alle har vore negative.

Totalt har 94 personar fått bekrefta koronasmitte i Hallingdal den siste veka, frå 10. - 17. desember.

Les også
Framleis mykje smitte etter julebord: 13 nye siste døgn
Les også
Barnehage og skule råka av smitte: Har testa både tilsette og barn
Les også
Skal vaksinere alle over 45 år: Slik ligg din kommune an
Les også
Stavkroa stengt til utpå nyåret - 33 tilsette permittert