Framleis mykje smitte etter julebord: 13 nye siste døgn
Julebordet på Vasstulan i starten av desember breier framleis om seg. I Nore og Uvdal ventar dei endå fleire positive testar i dagane som kjem.
13 personar har fått bekrefta koronasmitte i løpet av det siste døgnet, melder kommunen torsdag formiddag.
Totalt sit no 18 personar i isolasjon etter positive prøvesvar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Første helga i desember var fleire firma samla til julebord på Vasstulan. Nore og Uvdal er no blodraud på smittekartet, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) har 65 personar blitt registrert smitta i kommunen dei siste to vekene.
Desse tala tek også med seg alle smitta som har folkeregistrert adresse i Nore og Uvdal, men som ikkje nødvendigvis bur der.
Smitta i kommunen har råka både skule og barnehage, slik Hallingdølen skreiv om sist veke. Det er ikkje mistanke om at det er omikronvarianten av viruset som er i omløp, men delta.
I Nore og Uvdal driver skulane no på gult nivå, slik dei nasjonale tiltaka seier. I tillegg er Bergtun stengt, men dei har ei besøksordning.
Kommunehuset er stengt for besøkande. Kommunen minner elles om det nasjonale påbodet om bruk av munnbind.
Dei ber også innbyggarar og hyttegjester om å vere ekstra på vakt og redusere talet på nærkontaktar.