Nok ein tilsett ved Helsetunet er koronasmitta
Tre tilsette og ein bebuar er så langt smitta ved Helsetunet i Gol. Men kommuneoverlegen har godt håp om at det stoppar her.
Sidan torsdag har i alt fire personar knytt til Helsetunet fått bekrefta koronasmitte. Den siste kom laurdag.
– Vedkommande vart definert som nærkontakt til det første smittetilfellet, og var i karantene. Personen har ingen symptom. Det blir heller ingen vidare konsekvensar av dette tilfellet, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen laurdag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då det først vart funne smitte knytt til Helsetunet, vart alle bebuarane testa. No er dei testa for andre gong. Det er framleis berre ein av dei som har testa positivt.
– Det ser bra ut, seier Thurainayagam.
Han har god tru på at det ikkje vil kome fleire positive prøver.
– Me håpar det stoppar her, seier han.