43 smitta på to veker i Hallingdal: – Det er ikkje noko som heiter vanleg forkjøling no
I løpet av dei siste to vekene har 43 personar blitt smitta av koronaviruset i Hallingdal. Kommuneoverlegen i Gol har ei klar oppmoding til folk som blir sjuke.
– Nøkkelen for å halde smitta nede under denne bølga, er rask testing. Eg håpar folk tek kontakt for å teste seg så raskt som mogleg når dei utviklar symptom eller blir definert som nærkontaktar, seier Jagannivasan Thurainayagam.
Han følgjer opp med ei krystallklar melding:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein må tenke covid-19 om ein får symptom. Det må avklarast med ein test for å vere sikker. Det er ikkje noko som heiter vanleg forkjøling no, understrekar han.
I løpet av dei siste to vekene, frå 15. november og fram til i dag, har det blitt registrert 43 smittetilfelle i Hallingdal.
Dei fordeler seg slik:
Kommune | Tal på smitta |
Flå | 2 |
Nesbyen | 2 |
Gol | 13 |
Hemsedal | 8 |
Ål | 10 |
Hol | 8 |
I Nore og Uvdal har det også blitt registrert åtte smittetilfelle dei siste to vekene.
Må tenke korona
Gol har hatt flest smittetilfelle dei siste vekene, med 13 positive prøvesvar. Det gjer kommunen oransje på smittekartet.
– Det er mykje testing. Men me har ein jamn flyt, slik sett er det ikkje så mykje meir hektisk enn det har vore tidlegare i haust, seier kommuneoverlege Thurainayagam.
Fleire og fleire nyttar seg også av heimetestar.
– Nokre av dei positive tilfella me har hatt den siste tida, har blitt fanga opp med heimetesting. Så har dei kontakta oss for å få svaret verifisert, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inga spreiing
I Ål har ti personar fått bekrefta koronasmitte sidan 15. november.
– Smitta kjem i hovudsak utabygds frå. Så smittar det lett innad i husstandane, også til vaksinerte, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.
– Me har så langt vore heldige, og unngått større smittespreiing.
I likskap med Gol har Ål god kapasitet på testing om dagen.
– Eg har også inntrykk av at mange er flinke til å teste seg sjølv. Det er det absolutt viktigaste; at folk held seg heime og testar seg om dei får symptom, seier Bøyum.
Endeleg «stille»
Hol har hatt åtte smittetilfelle dei siste vekene. Det er ein heilt annan situasjon enn tidlegare i haust, då Hol stod midt i eit svært krevjande smitteutbrot. Sist gong Hallingdølen skreiv om smittetala, hadde 73 testa positivt i utbrotet.
Kommuneoverlege Silje Koldal er glad for rolegare tider i Hol.
– Det er endeleg ganske fredeleg og kontrollert. Me håpar på ei fredeleg fortsetjing også, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.