Satsar på biodrivstoff

Det skal produserast biodrivstoff på den tidlegare papirfabrikken Follum i Hønefoss.

Fredag vart det kjent at det finske energiselskapet St1 har inngått ein intensjonsavtale med dotterselskapet til Viken Skog, Treklyngen, om å produsere biodrivstoff basert på norsk skogsråstoff.

Anlegget får ein produksjonskapasitet på 50 millionar liter bioetanol og vil forbruke 500.000 kubikkmeter flis frå sagbruk og tømmer med låg kvalitet. Ifølgje ei pressemelding frå Norges Skogeierforbund er målet at anlegget skal vere i drift frå 2020.