Uvêr og vegarbeid: Berre éin av tre fjellovergangar er open
Vind og nedbør fører til vanskelege køyreforhold og stengde vegar på fjellovergangane fleire stader.
Torsdag morgon vart det innført kolonnekøyring på Rv7 over Hardangervidda mellom Haugastøl og Leiro på vestsida av fjellet. Ved Skulevik er det -1,8 grader, nedbør og vestleg liten kuling med ein vindstyrke på 13,5 sekundmeter.
På Fv50 mellom Hol og Aurland er vegen stengd mellom Vassbygdi og Botnatunnelen grunna vedlikehaldsarbeid i perioden 08-13. Torsdag morgon var vegen også stengd ein periode grunna tekniske problem i Geiteryggtunnelen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det betyr at Rv52 over Hemsedalsfjellet er einaste fjellovergangen mellom Hallingdal og Vestlandet som har fri ferdsel.
Vêret pregar trafikken også på andre fjellovergangar i Sør-Norge. Vikafjellet, Valdresflya og Sognefjellet er stengt grunna uvêr.
Siste oppdateringar frå Statens vegvesen finn du her.