Kjempar om opprykk
I helga tok Nesbyen nye poeng og heng framleis med i teten i 3. divisjon.
Handball: Nesbyen sine handballdamer har imponert denne sesongen.
Før heimekampen mot Røyken/Hurum laurdag stod dei med full pott på dei åtte siste kampane, og alt frå start synte dei kvifor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jentene leia 6–1 tidleg i omgangen, mykje takka vere Lise Kvannefoss som hadde fått fart på skotarmen sin. Bakover stod dei fjellstøtt og heimelaget kunne gå til pause med komfortable 16–8 i målprotokollen.
Vann på rutine
I andre omgang kom jentene litt bakpå og slapp gjestene frå Røyken inn att i kampen.
Mange tekniske feil og til tider labert forsvar gjorde at Røyken/Hurum åt innpå leiinga til nesningane gradvis, og det såg ei stund skummelt ut. Men trioen Ingrid Kinnebergbråten, Lise Kvannefoss og Nina Gullinsrud set mange mål i kampen og tippar vektskåla i nesningane sin favør. Det vart til slutt heimesiger 35–30.
Tapte seriefinalen
Sundag møtte nesningane serieleiar Konnerud på bortebane.
Sist dei to laga møttest var gjestene frå Drammen eit nummer for store, og det synte seg at skilnaden var den same i helga. Konnerud starta kampen i høgt tempo og køyrde mange kontringar, som førte til at nesningane kom bakpå frå start i Konnerudhallen. Likevel klarte gjestene å halde følgje med serieleiaren i fyrsteomgangen og gjekk til pause på 14–13 til vertane. I andre omgang tok kreftene slutt etter ei hektisk kamphelg, og nesningane klarte berre å få inn fire skot bak konnerudkeeperen. Til slutt vart det heimesiger 30–17. På nesningslaget imponerer målvakt Iselin Borgersen, Lise Kvannefoss, Ingrid Kinnebergbråten og Karoline Sandsmark. Det er no tre kampar att av årets sesong, og nesningane er avhengig av å ta seks poeng på desse for å kjempe om opprykk til 2. divisjon. Fyrste sjanse til å hente poeng er heime mot Strømm om tre veker.