Mappe borte frå lensmannskontoret - spesialeininga kopla inn
Midtre Hallingdal lensmannskontor vart meldt til Spesialeininga for politisaker. Årsaka er ei sakna mappe med dokument.
Det er golingen Ivar Roe som har meldt inn saka. I mars 2020 leverte han ei mappe med dokument til lensmannskontoret i Gol. Dokumenta dreier seg om ein eigedomstvist der Roe ville vurdere å melde motparten til politiet.
Då han kontakta politiet for å få mappa i retur, var ho ikkje å finne.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er merkeleg at ting kan bli borte frå eit lensmannskontor, seier Roe.
Spesialeininga for politisaker har gjort undersøkingar, og kom fram til at dei legg vekk saka. Ho vil ikkje bli etterforska vidare.
– Viktige for meg
Mappa skal ha vore oppbevart på kontoret til politibetjenten som Roe hadde hatt kontakt med. Ivar Roe meiner mappa må ha forsvunne i tidsrommet mellom mars 2020 og januar 2021.
– Dokumenta som ligg der er viktige for meg. Eg leverte inn originalane i samråd med lensmannskontoret, seier han.
Politistasjonssjef Brit Fyksen kan bekrefte at dei kjenner til mappa.
– Det stemmer nok at det har blitt borte nokre dokument som, ved ei feiltaking vil eg seie, vart oppbevart på kontoret, seier ho.
– Vedkommande bad sjølv om at papira skulle bli liggande hos oss. Eg må beklage at dei har blitt borte, held Fyksen fram.
Fann ikkje grunn til å etterforske
Ho seier vidare at Roe og ein medarbeidar ved politistasjonen hadde ein avtale om at mappa skulle ligge på kontoret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– På det tidspunktet var ikkje dette ei sak for politiet. I utgangspunktet var det meint som ei teneste, etter ønske frå vedkommande, seier Fyksen. Roe hadde på dette tidspunktet ikkje levert nokon formell anmeldelse, men la att dokumenta til gjennomlesing.
Sjef for spesialeininga, Terje Nybø, seier at dei fatta eit vedtak tidlegare i september.
– Saka er lagt vekk. Dokumentmappa kan ha blitt rota bort eller stolen, men sistnemnde er svært lite sannsynleg. Me meiner at ei etterforsking ikkje vil kunne oppklare dette. Det er ikkje grunnlag for å tru at det har skjedd noko straffbart, seier Nybøe. Han legg også til at politiet lokalt har gjort det dei kan for å finne att mappa.