Fem nye er smitta: Fleire skuleklassar i karantene
Gol har fått 14 smittetilfelle sidan laurdag. Det får konsekvensar.
Dei siste fem positive prøvesvara kom kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam i hende torsdag kveld. Tre av desse var alt i karantene, sidan dei var nærkontaktar til personar som alt var smitta.
Dei to andre hadde ikkje samanheng med smittetilfella som Gol har hatt dei siste dagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Den eine har ein kjent smitteveg utanfrå kommunen. Men den andre har ein ukjent smitteveg, seier Thurainayagam.
Han fortel at dei nye smittetilfella gjer at ein klasse ved Gol barneskule og ein klasse ved Gol vidaregåande no er sett i karantene.
– Me er i gang med å planlegge testar for begge desse klassane. Det vil skje i løpet av dei neste dagane. Alle som skal testast vil bli kontakta. Det er karantene for desse fram til dei får eit negativt prøvesvar, seier Thurainaygam.
– Leitar de etter smittekjelda for det tilfellet som har ukjent smitteveg?
– Me prøver å nøste så langt me kan, men i nokre tilfelle kan det bli vanskeleg. Spesielt no som det er mykje smitte nasjonalt. Då blir fokuset vårt å kjempe mot smitteutbrotet, seier Thurainayagam.