Nesbyen er klar for å setje tredje vaksinedose
Men det er førebels avgrensa kven som kan be om å få stikk nummer tre.
Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med ein instruks til korleis kommunane kan handtere den mykje omtala tredje dosen.
– No har dei presentert to grupper som er anbefalt å ta denne. Om ein kan vise til dokumentasjon som seier at du er i ein av desse gruppene, kan du vende deg til vaksinasjonskontoret, seier kommuneoverlege Nils Høva i Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her har dei alt hive seg rundt og gjort seg klare for å ta imot dei som treng ein dose til.
– Me rekna med at dette ville kome. På sikt vil nok endå fleire grupper få tilbodet, seier Høva.
– Dei landa som ligg framfor oss i løypa når det gjeld vaksinering, er alt i gang med tredje dose til større grupper.
Dei som no blir anbefalt å få ein dose til, må høyre heime i ein av dei to gruppene som FHI har presentert.
Gruppe 1:
* Organtransplanterte
* Benmargstransplanterte dei siste to åra
* Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt
* Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
Artikkelen held fram under annonsen.
Gruppe 2:
* Pasientar som er under behandling som er betydeleg immundempande. Her har FHI lagt fram ei liste over medisinar som blir rekna som immundempande. Om ein medisin du bruker står på denne lista, kan du be om ein tredje dose.
* Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling.
* Pasientar som av ein legespesialist er vurdert til å ha svært nedsett immunforsvar.