Skremte folk midt på natta
Fleire kraftig smell skremte folk i Flå sentrum.
– Det høyrdest ut som skot frå eit automatvåpen, seier lensmann Geir Vidme.
Det var ved 02-tida natt til fredag at folk vart vekt av dei kraftige smella. Vidme rykka ut, og ved Kjøpesenteret fann han forklaringa: Eit fyrverkeri.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette var ein svært dårleg spøk, seier Vidme.
Han fann ingen som kunne knytast til den ulovlege bruken av fyrverkeri. Men han ber folk som veit noko om å melde ifrå.
– For det er forbode å sende opp fyrverkeri utan løyve, seier Geir Vidme.