Tjuvar vart filma i Flå-butikk
To utanlandske kvinner stal mens dei vart filma i Kiwibutikken i Flå.
– Dei var utanlandske og svært effektive, seier lensmann Gir Vidme.
Dei to kvinnene i 20-åra vart nemleg fanga inn av overvakingskamera mens dei opererte i butikken midt på dagen torsdag. Det var to kvinner i 60-åra som vart fråstolen pengar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Raske
Den eine vart fråstolen lommeboka frå skulderveska mens ho stod i grønnsaksavdelinga. På filmen ser ein kor raskt kvinna opna glidelåsen på veska og tok lommeboka.
Det andre tjuveriet skjedde då eigaren forlèt handlekorga si for å finne andre varer. Veska med lommeboka låg att i korga. Den forsvann. På filmen ser ein at kvinna går ut av butikken med veska over skuldra.
DNA-spor
– Dei to kvinnene som stal prata norsk, men det er ingen tvil om at dei er av utanlandsk opphav, seier Vidme.
Dei gjekk med varer i hendene, som dei sette ifrå seg mens dei opererte i butikken. Vidme håpar å finne DNA-spor på desse varene. Utbyttet av raidet i butikken vart 2000 kroner.