Rv7 open att etter synfaring på ulykkesstad
Tysdag mellom klokka 10:00 og 12:00 var Rv7 delvis stengt på ulykkesstaden i Gulsvik, nokre kilometer sør for Circle K. Det var her tre ungdommar omkom då dei på kvelden 23. august kolliderte med ein lastebil.
Klokka 12:45 var vegen open att.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart på føremiddagen halde synfaring på ulykkesstaden. Vegen var delvis stengt denne perioden.
Det var omkøyring for personbilar på Fv2900 i Sørbygda. Tungtransport måtte rekne med noko venting.
Måndag kveld vart det halde minnemarkering på same stad. Ungdommar frå Flå og Krødsherad møtte opp for å minnast dei tre brørne som mista livet i den tragiske ulykka.