Vassfarstigen skal opnast
Vassfarstigen blir eit nytt tilbod til turgåarane.
Den knyter Vassfaret og Nes austmark saman med både Gol og Sør-Aurdal kommunar.
Den blir opna 15. august av generalsekretæren i DNT, Nils Øveraas. Opninga skjer ved Fønhuskoia i Vassfaret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter opninga skal deltakarane gå den tolv kilometer lange strekninga på den merka stigen tilbake til Langevatn i Nes austmark der det blir servert mat.