Fekk tre nye smittetilfelle: - Situasjonen er noko uoversiktleg
Fredag fekk Ål tre positive koronaprøver. Alle tre er uavhengig av kvarandre, og 17 personar er sett i karantene.
– To av dei smitta har blitt smittespora i andre kommunar, ein av desse var nærkontakt og sat alt i karantene. Den siste har førebels ukjent smittekjelde, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.
Sidan dei positive svara kom, har smittesporarane i Ål jobba med å kartlegge dei smitta.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Totalt er 17 personar sett i karantene, og blir testa i dag, seier Bøyum til Hallingdølen laurdag ettermiddag.
– Korleis vurderer du situasjonen, sidan dette er tre uavhengige tilfelle på ein gong?
– Den er noko uoversiktleg per no, seier kommuneoverlegen.
Fredag skreiv Hallingdølen at tre kommunar hadde fått sju smitta personar på sju dagar. Fire i Gol, to i Hol og éin Hemsedal. Det siste døgnet har det kome beskjed om eit nytt tilfelle i Gol, og desse tre i Ål.
Det siste tilfellet i Gol hadde fått symptom, og halde seg heime. Derfor vart ikkje konsekvensane så store då testen viste seg å vere positiv, tre personar har hamna i karantene.