Overraska alle på Oppdal
Hemsedalsløparen Bjørn Brudevoll sette alle på plass under NM-slalåmen på Oppdal.
Alpint: Brudevoll er opphaveleg frå Oslo, men har køyrt for Hemsedal dei siste sesongane.
Under slalåmen på Oppdal hadde han nest beste omgangstid både i fyrste- og andreomgang, og det held til å parkere landslagsløparane. Også slalåmkometen Henrik Kristoffersen var bak 19-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han var 0,34 sekunder foran Sebastian Foss Solevåg andreplass og 0,43 sekunder foran Kristoffersen på bronseplass.
– Helt konge og veldig overraskande. Utruleg kult. Det gjekk bra i fyrste omgang, og eg klarte å gi bånn gass i andreomgang også, sa ein glad norgesmeister til Aftenposten etter sigeren.
- Det er kult å køyre mot forbildene mine. Me er heldige som får konkurrere med dei beste i verda, sa han.
Kristiane Bekkestad tok ein sterk femteplass i damenes slalåmrenn.