Dokka som stikk nasen fram
Pinocchio besøker Hallingdal når det klassiske barneeventyret vaknar til liv onsdag.
Dei fleste kjenner til han, Pinocchio, dokka som vaknar til liv og som får lang nase når han lyg. Carlo Collodi sitt klassiske barneeventyr er godt kjend gjennom Walt Disneys filmversjon. No kan du sjå historia på scena når Riksteateret kjem til Ål kulturhus onsdag.
Gepetto er ein ganske fattig og ganske einsam snikkar som skulle ønske han hadde nokon å prate med, så han lagar ei dokke av tre og kallar ho Pinocchio. Brått ei natt vaknar dokka til liv. Lurer du på om det er nødvendig å gå på skulen, eller om det er greitt å ete godteri heile dagen og vere oppe så lenge du vil, eller om pengar gror viss ein graver dei ned? Då er dette framsyninga for deg. Viss foreldra dine treng å lære seg litt oppdraging, eller om du berre trur på fear og av og til kjenner deg som ein treskalle bør du òg ta turen. Dette blir barneteater med musikk og moro for heile familien.