Gjer comeback i Nes-politikken
Den tidlegare Ap-representanten og leiaren i Nes Ap, Tore Haraldset, kan bli ny ordførar.
55-åringen gjer nemleg comeback i Nes-politikken – som ordførarkandidat for Bygdelista.
Bygdelista har ikkje gjort unna nominasjonen enno, men på årsmøtet tysdag vart det vedteke at Tore Haraldset blir ordførarkandidaten. Og han sa ja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit sakn
– Det er nok ein iver til å engasjere seg som er årsaka til at eg kjem tilbake. Eg har sakna å kunne engasjere meg i det som har skjedd i kommunen dei siste fire åra, seier Haraldset.
Frå før har han tolv år bak seg i Nes kommunestyre for Ap, han har også åtte år i teknisk utval og fire år i helse- og sosialutvalet. Med andre ord: Ingen fersking.
Gjekk ut av Ap
Etter valet i 2007 der partiet mista ordføraren, var det mykje internt bråk i Nes Ap. Haraldset var leiar i partiet, men han trekte seg og gjekk ut av partiet. Blant andre som gjekk ut var mangeårig ordførar Audun Aasheim. Også Aasheim har meldt seg inn i Bygdelista. Dei sat som uavhengige representantar i kommunestyret ut valperioden 2007–2011.
– Kvifor har du gått til Bygdelista?
– Eg såg ingen framtid i Nes Ap slik partiet vart drive. Bygdelista var det einaste alternativet for meg. Dei har eit program som eg kan gå god for, og det er eit godt samarbeidsklima der.
Oppteken av samarbeid
– Blir det vanskeleg for deg å samarbeide med Ap i kommunestyret etter det som skjedde?
– Det trur eg ikkje. Det er få det gjeld. Dessutan håpar eg at dei som blir valde inn for Ap også har engasjert seg for å gjere ein best mogleg jobb for bygda. Blir eg ordførar, vil eg dra lasset saman med alle partia. Sjølv er eg oppteken av at kommunen kjem økonomisk på fote, og at me kan få gjennomført tiltak som Nes treng.
– Blir du ny Nes-ordførar?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har tru på det. Eg trur Bygdelista kjem til å gjere eit godt val. Det vil iallfall ikkje overraske om me gjer det, seier Tore Haraldset.
Sa nei
Bygdelista har fire representantar i kommunestyret i dag. To av dei, Geir Olav Brøto og Alf Majormoen, trekkjer seg.
Leiaren i Bygdelista, Marius Garnås, kunne ha rykt opp til å bli ordførarkandidat.
– Eg sa nei til det. Eg har sete i kommunestyret i ei periode, og er ingen ringrev. Tore Haraldset derimot har lang erfaring. Han har vore med på «gamet» før, seier Marius Garnås.