Anette Børve Hernes.
Anette Børve Hernes.

Låg vêrfast under hundeløp

Anette Børge Hernes (17) var ein av juniorane som måtte grave seg ned i stormen under Femundløpet 2015.

17-åringen, som køyrer for Hallingen Hundekøyrarlag, er slett ikkje skremd etter opplevingane i fjellet under eit av dei tøffaste langdistanse hundekøyrarløpa.

– Eg låg eigentleg berre og vente på betre vær, fortel Anette Børve Hernes frå Eidfjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du har ikkje fått skrekken etter 18 timar i fjellet?

– Nei, no kan det vel ikkje vere så mykje verre som kan skje, seier 17-åringen som vann Femundløpet Junior i fjor.

Mista sporet

Det var dårleg sikt undervegs i løpet. Hernes såg til slutt ikkje stikka. Til slutt fann ho att sporet og ei løypestikke og heldt seg ved denne. Då var klokka 03.00 natt til sundag. Ungjenta hadde vore ute i mange timar allereie.

Storm under Femundløpet gjorde at konkurransen vart avlyst. Anette Børge Hernes (17) var ein av deltakarane som måtte grave seg ned under stormen.
Storm under Femundløpet gjorde at konkurransen vart avlyst. Anette Børge Hernes (17) var ein av deltakarane som måtte grave seg ned under stormen.

– Eg tenkte fyrst at eg måtte vente ein times tid eller to. Og at været ville bli betre etter kvart. Men så såg eg til slutt ingen ting, fortel hundekøyraren.

Hundane fekk på seg dekken og sjølv prøvde ho å leggje seg i sleden. Men ho fekk ikkje att trekket. Då vart det å grave seg litt ned i fjellduken for å søke ly for stormen.

Ungjenta har vore ute i hardt vær før, så ho var aldri redd. I løpet av natta høyrde ho noko ho trudde var snøskuterar i nærleiken, men då dei aldri kom dit ho var, rekna ho med at det berre var vinden.

– Instruksane er vel at ein sender ut leitemannskap når det er gått 24 timar. Så eg venta eigentleg aldri på nokon. Hadde ikkje sett siste meldinga tidlegare på kvelden om at leitemannskap var på veg, fortel ho.

Klissvåt

På morgonen høyrde ho lyden att. Då stoppa dei rett ved sida av ho. Ein kar bøygde seg over ungjenta som kliss våt prøvde å halde varmen i fjellduken. Klokka var 10.15 då både Hernes og hundane vart køyrd ned frå fjellet med beltevogn. Då hadde ho vore ute i fjellet i 18 timar til saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fraus du i løpet av natta?

– Eg vart klissvåt gjennom alle kleda, fortel ho.

Kvar gong ho var ute og sjekka hundane vart ho berre enda meir våt. Det var ikkje så kaldt, men ein forrykande vind som førte snøen inn over alt.

– Då eg kom ned oppdaga eg jo kor våt eg var. Ulltrøya mi var klissblaut, fortel ho.

– Lærte du noko av hendinga? Er det noko du ville gjort annleis?

– Eg ville hatt med liggjeunderlag. Og så skulle eg rulla soveposen inn i fjellduken så den var meir lett tilgjengeleg, seier ungjenta som tek med seg Femundløpet 2015 som ein god erfaring.

– Var du redd?

– Nei, eg visste eg hadde det eg trengde, seier Anette Børve Hernes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjorårets vinnar skjønte tidleg at ho ikkje ville klare å ta att ho som vart årets vinnar, men hadde tenkt å kjempe om ein god plassering.

– No er eg berre glad for at eg kom ned og fekk på meg tørre klede, ler ho.

* Start og målgang i Røros.

* Går gjennom åtte kommunar i Sør-Trøndelag og Hedmark.

* Norgesmeisterskap i langdistanse.

* Klassene er 600 kilometer, 400 kilometer og juniorklasse.

* Sledehundløpet er rekna for å vere teknisk krevjande og tøft.

Avlyste

Både hundekøyrarar og skutermannskap fekk problem i vinterstormen «Ole» under året Femundløp. Fleire hundekøyrarar var på eit tidspunkt sakna i fjellet. Dette, samt fleire utfordringar, resulterte i at arrangørane til slutt valde å avlyse Femundløpet 2015. Her var leiteaksjonar etter både seniorkøyrarar, og ikkje minst fleire juniorkøyrarar.

Avgjerda sat langt inne hjå arrangørane, men dei håpar alle har forståelse for at dei valde å stoppe løpet.