11 koronasmitta dei siste fem dagane i Hallingdal

Gol fekk eit nytt smittetilfelle onsdag kveld. Det er nummer 11 i regionen på berre få dagar.

Sidan laurdag har to personar blitt smitta i Gol, tre i Nesbyen og seks i Hol. Alle situasjonane ser så langt ut til å vere under kontroll, og alle kommunane har vore budd på at det ville dukke opp smitte i kjølvatnet av ferien og ein sosial sommar.

Det siste positive prøvesvaret i Hallingdal kom onsdag kveld i Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ukjent smittekjelde

– Me ser ingen samanheng med tidlegare tilfelle. Me har ikkje funne smittekjelda, men jobbar med det. Ut frå informasjon me har, kan det sjå ut som dette kjem frå utanfor kommunen, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Sett i karantene

Ni personar er sett i karantene som følgje av tilfellet, og alle vart testa med hurtigtest onsdag. Svara på alle desse var negative.

– Men me ventar spent på svara frå den ordinære prøva før me kan vere sikre, seier Thurainayagam.

Les også
Tre smitta i Nesbyen: - Me veit ikkje heilt omfanget enno
Les også
To nye smittetilfelle i Hol - sporar også smitta turistar på gjennomreise
Les også
– Eg synest folk overdriv faren med miljøet
Les også
Må førebu seg på meir ekstremvêr