Gol vart råka av deltaviruset - ny person smitta
Dei fire tilfella av koronasmitte Gol fekk før helga, er alle bekrefta å vere av deltavarianten.
Delta er ein type av viruset som smittar lettare enn dei andre variantane. I løpet av sommaren har den blitt dominerande i Norge.
Gol fekk fire tilfelle av koronasmitte i løpet av fire dagar sist veke. Kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam fortel at dei no har fått beskjed om at det dreidde seg om deltaviruset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den smittsame varianten har ikkje spreidd seg nemneverdig. Men tysdag fekk kommunen beskjed om at ein av nærkontaktane, som har sete i karantene, no har testa positivt.
– Det var såleis ikkje uventa. Dette lagar ikkje meirarbeid for oss, sidan vedkommande har vore i karantene den siste veka, seier Thurainayagam.