Vil bli kapitalhovudstad og kunnskapspark
Det er gått snart fem år sidan golingane bestemte seg for å lage ein næringsplan. No er dokumentet endeleg ferdig.
– Det er ein god plan. Les han, var oppmodinga frå Tore Dag Skjerdal (Sp). Han fekk æra å «avduke» næringsplanen under kommunestyremøtet i Gol 11. november.
Planen vil bli førande for saksbehandling – i alle fall dei komande fire år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette vil ein satse på
I perioden frå 2014 til 2018 vil det bli satsa på å:
n få fram attraksjonar eller «magnetar» som Gol skal byggje identiteten rundt.
n skape nye verksemder.
n styrkje vitaliteten i næringslivet.
n auke tilstrøyminga til Gol i form av både bustader og nye reisemål.
n bidra til å styrke optimisme og gjennomføringsevna i Gol.
n styrke arbeidslivet gjennom aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak for å få fleire med nedsett arbeidsevne ut i arbeid.
n ta vare på hjørnesteinsverksemder sine behov.
Artikkelen held fram under annonsen.
n stimulere til partnarskapsarbeid.
n føre til at Gol blir kapitalhovudstad innan finans og forsikring for Hallingdal.
For å nemne noko.
– Må bli revidert ofte
Helge Feet (V) var tydeleg på at også Steinar Medhus (H) skulle ha sin del av æra for at det i det heile er blitt ein plan.
– Dette var hans kongstanke, sa Feet. Medhus bad ikkje sjølv om ordet, men Hallingdølen snakka med han etter møtet.
– Kvifor har det tatt så lang tid å lage ein slik plan?
– Det har vore usemje om målet og kva ein slik plan skal omfatte.
– Er du nøgd med resultatet?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har berre fått skumma han, men det ser veldig bra ut. Me bør nok revidere han ofte.
– Ein kan innvende at planen ikkje er spesielt konkret?
– Han kan ikkje vere konkret. Ting endrar seg så fort at det vil bli gale, sa Medhus.
Kunnskapspark
Under møtet var det fleire som stadfesta dette, blant anna ved å vise til at Visit Hallingdal AS var omtala som eit samarbeidstiltak hallingdalskommunane i mellom, samstundes med at selskapet, slik me kjenner det, mest truleg er historie.
Det passar dårleg med Roger Toppen (H) si melding.
– Me må sjå meir i regionsperspektiv. Det er ikkje berekraftig å konkurrere oss imellom.
Svein Eide (Ap) ville likevel at Gol skulle setje seg i førarsetet på å gjere kommunen til kunnskapsparken i Hallingdal.
– Framtida består av kunnskap og opplæring. Me må samle dette på ein stad for å styrke regionen, sa han.