To av nærkontaktane i Gol har også testa positivt: - Ber alle vere obs på symptom
I alt er no tre personar koronasmitta i Gol.
Den første positive testen kom seint måndag kveld. Ein person hadde kjent på symptom, og kom for å teste seg. Det viste seg å vere koronaviruset.
Vedkommande hadde vore i ro etter å ha kjent symptom, derfor var det ikkje snakk om meir enn tre nærkontaktar. To av desse bur i kommunen, og vart testa tysdag. Ingen av dei hadde symptom, men:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hurtigtestane slo ut positivt på begge to, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
Smittesporarane har vore i aksjon på dei to nye smittetilfella, og tok ingen sjansar under arbeidet med å finne nærkontaktar.
– Me kom fram til fire. Desse er sett i karantene, og vil bli testa i løpet av det neste døgnet, fortel Thurainayagam.
Han meiner dei har fått eit godt bilete av situasjonen, men er spent på testsvara frå dei fire nærkontaktane.
– Desse er avgjerande. Me kan ikkje trekke ein konklusjon før svara er på plass, seier kommuneoverlegen.
Han har ei klar melding til innbyggarane i Gol:
– Eg ber alle om å framleis vere obs på symptom, og ta kontakt for testing.