Kraftig brann i parkert lastebil

Det brann kraftig i ein lastebil på Rv52 onsdag føremiddag.

Politiet melde om brannen klokka 09:50.

Flammane tok skikkeleg tak i lastebilen som stid parkert på Rv52 i området Leikvoll i Gol. Ingen personar vart skadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lastebilen stod for seg sjølv, og det var ikkje fare for at brannen spreidde seg, opplyser politiet.

Bilen inneheldt ingen form for farleg gods.

Klokka 10:10 melde politiet at brannen var sløkt, og bileigaren varsla.

Les også
Inntil brua blir bygd flyg dei i løypestreng over elva
Les også
E16 i Valdres stengt - bilistar blir vist til Hemsedalsfjellet
Les også
Mange er på ferie og ber om utsetjing: - Håpar folk tek ansvaret sitt