Kasta maska for helsa
Ikkje alle problem er synlege. – Ein dag som denne gir oss høve til å snakke om ting, seier Jørund Brekke i Hol kommune.
Rundstykke og ciabatta er smurt. Ein ostekake står pynta og klar. Nysteikte vaflar ligg på fat og kaffikannene er fulle. Det er fredag føremiddag på Helling kafé i Hol, 9. oktober og tid for å markere Verdsdagen for psykisk helse.
Nystarta kafédrift
– Det er viktig med ein slik dag fordi me kan vise at alle står i lag, at me støttar kvarandre og viser respekt for dei som har det litt tungt, seier Mariell B. Skeide.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I dag er ein dag for folk som ikkje har det så lett, nikkar Ole Reidar Solheimslien.
Dei to er tilknytt avdeling psykisk helse i Hol kommune. Sidan 24. august har dei og seks andre, samt fleire tilsette ved avdelinga, jobba med å få Helling kafé opp å gå. Kvar dag førebur dei lunsj for kommunetilsette, lokalbefolkning og turistar, og dei leverer kaffi og frukt på bestilling. Kafeen er ein stad for arbeidstrening og eit sosialt treffpunkt.
– Eg er her i praksis via NAV for å gjere vegen tilbake til arbeidslivet litt lettare, seier Skeide.
– Viktig med ein dato
– For dei som er her er det ofte avgrensa mogelegheiter i arbeidslivet elles. Her kan me styre ting sjølv, det er heilt suverent. Og oppgåvene skal vere meiningsfylte. Dette er ein ordentleg jobb, seier Jørund Brekke.
Avdelingsleiaren for psykisk helse i Hol kommune meiner ein verdsdag for nettopp mental helse er heilt på sin plass. I år er temaet «Sjå kvarandre – kast maska».
– Psykiske lidingar er ikkje så lett å snakke om sjølv om alle veit at mange av oss strever i løpet av livet. Ein dag som denne gir oss høve til å snakke om ting. Det er viktig med ein dato, for kvardagen spring gjerne frå oss, seier han.
Dag for openheit
Tre damer kjem gåande frå Hol kommunehus og inn i kafeen. Dei forsyner seg i salatbaren.
– Det er veldig viktig å markere ein dag som denne med tanke på openheit, seier Eli Kleven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho betalar i kassa og får med seg gratis kaffi og vaffel på kjøpet.
– Eg er veldig godt nøgd med dei som driv kafeen. Me har aldri hatt eit så bra opplegg i Hol. Eg er inne her fleire gonger i veka, seier ho.
Skritt på vegen
På kjøkkenet er stemninga god. Ros og fine ord. Det har vorte mykje av det sidan kafeen starta opp, og det betyr noko for innsatsen og bidreg til å gjere jobben givande.
– Jo meir ein er saman, jo sterkare og mindre åleine føler ein seg. Kanskje kan dagen i dag gjere fleire folk merksame på at fleire lir enn dei du ser. Vær merksam på små teikn, oppmodar Mariell B. Skeide.
Ho trivst på Helling kafé, med å ha noko å gå til kvar dag og med å treffe blide og hyggelege folk. Målet hennar med arbeidstreninga er heilt klart:
– Eg jobbar for å kome ut i fast arbeid, seier ho.