Lensmann Inger Lill Lanes meiner Hemsedal kommune og næringslivet må gjere tiltak.
Lensmann Inger Lill Lanes meiner Hemsedal kommune og næringslivet må gjere tiltak.

– Hallingdal treng meir politi

Ein tredel av politikapasiteten i Hallingdal bli brukt i Hemsedal i vintersesongen. Men det er ikkje nok.

– Erfaringane frå siste året har aktualisert behovet for meir politi i regionen, seier lensmann i Gol og Hemsedal og regionlensmann Inger Lill Lanes.

Det kokar i Hemsedal om vinteren. Avisoppslaga for ti år tilbake om fest, fyll og bråk var ei belastning. Talet på brotsverk pr. 1000 innbyggjar i fjor er rett nok på landstoppen. Det er ikkje hemsedølene som er på spesielt kriminelle. Men når det kjem 750.000 besøkjande i vintersesongen og 200.000 om sommaren til ei bygd med 2300 innbyggjarar, skaper det utfordringar både for kommunen og politiet, påpeikar Lanes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me brukar store ressursar i Hemsedal. Likevel er det mange oppdrag som går under radaren. Me har ikkje kapasitet til å følgje opp alt som skjer, seier ho.

Får hjelp?

Inger Lill Lanes understrekar at politiet samarbeider godt med vaktselskap som bidreg til å halde oppe ro og orden. Samtidig ønskjer ho seg fleire ressursar.

– Det er behov for meir politi i regionen i vintersesongen. Det blir bygd ut i andre kommunar også. Det er mogleg me kan få styrt ressursar hit i eit nytt og stort politidistrikt i sesongen, seier Lanes.

Det er mykje folk og høg partyfaktor i Hemsedal i vintersesongen. Det merkar politiet.
Det er mykje folk og høg partyfaktor i Hemsedal i vintersesongen. Det merkar politiet.

Politiberedskapen i Hallingdal er tilpassa omkring 21.000 innbyggjarar, og ikkje det reelle talet på personar som oppheld seg i denne store reiselivsregionen. – Belastninga på politimannskapa er stor, og den førre sesongen synleggjorde utfordringane for politiberedskapen, seier ho.

Ikkje berre politiet

Det er Hemsedal som krev dei store ressursane vinterstid. Det resulterer at folk i andre bygder opplever at det er lite synleg politi i deira område.

– Me har fått klager på det, seier Lanes.

Men politiet må prioritere ressursane der dei trengst. Derfor vil Hemsedal krevje store ressursar i tida framover. Men Lanes ønskjer også at det blir teke grep lokalt i Hemsedal.

– Me ønskjer eit samarbeid med både næringslivet og kommunen. Alt kan ikkje skuvast over på politiet, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva kan kommunen gjere?

– Som å rydde opp i forholda rundt taxiane med ein meir trafikksikker taxihaldeplass med vakt, og betre belysning i sentrum. Det vil hjelpe.

Tiltak

I juni inviterte ho næringslivet og kommunen til eit oppsummeringsmøte.

Politiet er kritisk til 18 års aldersgrense for utleige av appartement, og meiner at det bør vere færrast mogleg utestader med aldersgrense ned til 18 år. Politiet har erfaring med at det er mykje bråk på slike stader.

– Har det vore vill vest i Hemsedal i vinter?

– Nei. Men det er mykje folk som kjem dit, og derfor må også kommunen ta grep sjølv.

Lanes meiner nemleg at det ikkje er politiets oppgåve aleine å sørge for at dei som oppheld seg og bur i Hemsedal skal vere trygge når dei ferdast ute.

– Treng hjelp

Ordensproblem og kriminalitet er i hovudsak knytt til turistnæringa. Ikkje fastbuande. Ansvaret for bygdas faste innbyggjarar må også varetakast, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil politiet framleis vere sterkt til stades i Hemsedal om vinteren?

– Me er nøydde til det. Men me treng som sagt hjelp frå kommunen og næringslivet.