Ikkje vidare i Laax
Det vart ikkje semifinale på snøbrettet for geilokøyrarane Stian Kleivdal og Marius Bakken.
Geilokøyrarane Stian Kleivdal og Marius Bakken drog nesten rett frå norgescupkonkurransane til sveitsiske Laax. Der kjempa dei om avansement til semifinale i European Open tysdag. Med fleire av dei beste køyrarane i verda på start vart det tøft for duoen. I det fyrste heatet vart Bakken nummer 19, med 42, 71. I det andre heatet hadde ikkje Kleivdal fullklaff, og vart nummer 15. Ingen av dei to geilokøyrarane gjekk vidare til semifinalen.