Frå konserten 30 år på vegen i Ål kulturhus, kort tid før Norge vart koronastengt. Lars Håvard Haugen i front for Hellbillies.

No ser dei lys i horisonten - men kva med konserten i Ål?

Det har vore 14 månader med fullstendig stillstand. Men no skimtar Hellbillies lys i horisonten.

— Kor mykje som kjem i gang til sommaren, veit eg ikkje. Dei aller fleste store festivalar er jo avlyst. Men til hausten trur eg ting vil begynne å gå som normalt att, seier låtskrivar og vokalist Aslag Haugen.

— Kva med konserten i Hallingdal Feriepark i august?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Den heng der framleis. Eg tør ikkje seie korleis det blir, seier Haugen.

Det har lenge vore komplett umogeleg å planlegge; no letnar noko, men framleis er det vanskeleg å planlegge den næraste tida.

Gjekk i studio

Hellbillies, og for så vidt alle musikarar, har bak seg eit skrekkens år. Iallfall eit år der dei ikkje har kunna gjera der dei aller mest vil, og som dei lever av, å spele for folk. Hellbillies var godt i gang med sin 30 års jubileumsturne då koronaviruset slo ut heile landet. Sidan har Hellbillies-toget stått parkert.

— Me fekk spelt 18 av 80 konsertar, fortel Haugen.

Les også
Tar Hellbillies til teaterscena

Så kva gjer ein, når ein i praksis får yrkesforbod?

— Det einaste fornuftige me kunne gjera var å gå i studio. No er me i ferd med å gjera siste finpussen på ny plate som kjem ut i begynnelsen av september, fortel Aslag Haugen.

Fire av låtane er alt gjevne ut på EP, spelt inn på Sundrehall. F.v. Lars Håvard Haugen, Bjørn Gunnar Sando, Egil Stemkens, Lars Christian Narum og Aslag Haugen.

— Moslåtten leverer

Fire av låtane er alt gjeve ut på EP med opptak frå Sundrehall i Ål. No er det kome til fleire slik at det blir eit fullt album. Førebels har albumet ikkje fått nokon tittel.

— Folk vil nok ikkje vera i tvil om at det er Hellbillies. Eg er fornøgd med låtmaterialet, og trur det har eit potensial, seier Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Moslåtten inviterer deg på tur i Hellbillies-land. Kanskje møter du Gamle-Bryn?

Tom Roger Aadland står bak nokre tekstar. Det gjer også Finn Tokvam, og så er Arne Moslåtten med som før.

— Arne leverer framleis, i dobbel forstand. Han har skrive fleire sterke tekstar til plata, fortel Aslag.

Også nye låtar

Når Hellbillies-toget begynner å rulle att, forhåpentlegvis til hausten, blir det å ta opp att tråden frå mars 2020. Jubileumsturneen vil gå utover hausten og mykje av 2022.

— Men me kjem nok til å putte inn eit par låtar frå den nye plata også, seier ein spelesugen Aslag Haugen.

Les også
Sommarfuglar i magen
Les også
Inviterer utanlandske songarar til korøvingar
Les også
Gir ut album saman