Kjernebitar
Av Lars Brustugun, Gol
Vi fôrar fuglar med solsikkefrø, delvis på bakken, for vi ser at mange fugleslag trivst betre med det enn med fôringsautomat. Mange slag fuglar dukkar opp. Og i går var vi så heldige å få besøk av kjernebitar. Til og med eit par, han og ho. Dei er sjeldne, i alle fall her i dalen. I flg. fugleteljinga er det svært få observasjonar i Hallingdal. Eg les meg til at dei særleg held til høgt oppe i lauvtre, og at dei er ganske sky. Da er det rimeleg å tru at eg har vore heldig som har fått dei på fotoavstand. Og dermed kanskje interessant for lesarar av Hallingdølen.
Artikkelen held fram under annonsen.