Pukkverk på Torpo har blitt miljøfyrtårn
Oddvard Øygard AS er sertifisert som miljøfyrtårn. Steinknusarane på Torpo fekk det synlege beviset på at dei driv miljøvennleg av ordførar Solveig Vestenfor torsdag.
Det er ikkje ofte pukkverk-bransjen får prisar og utmerkingar for miljøengasjement. Det er meir vanleg å bli møtt med protestar og klager på støy, støv og forureining frå nabolaga.
Miljøfyrtårn-sertifikat
Det var også tilfelle då Oddvar Øygard AS flytta frå Oppsjøtippen og etablerte seg på industriområdet på Torpo i 2013. Men protestane har stilna. Og no er bedrifta sertifisert som Miljøfyrtårn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit bevis som heng høgt. Bedrifta må gjennom ein lang prosess og dokumentere at dei fyller ei lang rekkje krav til utslepp og miljøvennleg drift før dei får det nasjonale miljøfyrtårnsertifikatet.
— Ingen sovepute
Det var kakefest på matrommet på Torpo torsdag då ordførar i Ål, Solveig Vestenfor, troppa opp med det synlege beviset på at Oddvar Øygard AS er blitt miljøfyrtårn.
— Eg blir glad kvar gong det kjem miljøprisar på ordførarkontoret som eg får i oppdrag å dele ut. Det er inspirerande for alle. Ekstra stas er det når bedrifter i nye bransjar blir miljøfyrtårn, og spesielt pukkverkbransjen, seier Vestenfor.
Glad og fornøgd var også dagleg leiar Ole-Bjørn Øygard.
— Det er veldig stas å få miljøbevis i ein bransje som ikkje har vore mest kjent for miljøengasjement. Miljøprisen skal ikkje bli nokon sovepute, det er no jobben startar med å drive endå meir miljø- og utsleppsvennleg, seier dagleg leiar Ole-Bjørn Øygard.
— Dette er ein heider til heile bedrifta og til alle tilsette, seier HMS-ansvarleg Odd Ragnar Øygard som har hatt jobben med å dokumentere miljø- og utsleppstiltaka i bedrifta.
Hybride knuseverk
Oddvar Øygard AS er ei tradisjonsrik bedrift som har drive pukkverk og steinknusing i over 50 år, bygd opp av Oddvar Øygard, og som sønene har overtatt.
Det er i dag over 40 tilsette fordelt på 19 mobile knuseverk over heile Sør-Norge. Ved hovudavdelinga på Torpo er det 17 arbeidsplassar.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Hovudårsaka til at det har blitt miljøfyrtårn?
— Me har i fleire år lagt til rette for elektrisk drift av pukkverka og kjøpt maskinar som kan koplast til straumnettet når det er praktisk mogeleg. Ved nyinvesteringar kjøper me knuseverk med hybride løysingar. Eg trur kanskje me har drive meir miljøbevisst enn me har vore klar over, seier Ole-Bjørn Øygard.
Miljøvennlege motorar
Heile maskinparken i eit pukk- og knuseverk kan ikkje drivast elektrisk. Lastebilar og hjullastarar må framleis vera dieseldrivne. Men også på desse køyretøya er det store skilnader når det gjeld drivstoffbruk og utslepp.
Årleg investerer bedrifta 20 millionar kroner i å fornye maskinparken.
— Nye dieselmotorar har vorte svært miljøvennlege, så det legg me vekt på ved nyinvesteringar. Nyleg bestilte me ein drivstoffvennleg hjullastar til 3,7 millionar som me kunne fått 300.000 kroner rimelegare. Det er ein ekstrakostnad me må ta for å få mindre miljøavtrykk. Det legg store nasjonale mottakarar legg vekt på ved kontraktar. På sikt er det økonomisk lønsamt å investere miljøvennleg, seier Øygard.
Lastebillass til kvar
Behovet for knust masse til husbygging, betongarbeid, asfaltering og fyllmasse er stadig aukande. Å bremse den utviklinga er korkje mogeleg eller ynskjeleg i samfunnsutviklinga.
— Etterspørselen etter knust masse aukar for kvart år. I 2020 grovknuste me over to millionar tonn ved anlegga våre. Det er meir enn heile Trillhustippen. Kvar nordmann treng i gjennomsnitt 13 tonn knust masse årleg. Det svarar til eit lastebillass. Miljøvennleg drift under produksjonen og kortast mogeleg transport er viktigaste miljøtiltaka utan å redusere produksjonen, seier Ole-Bjørn Øygard