Kva meiner Arbeiderpartiet om Viken?

Av Solveig Vestenfor og Heidi Granli, kandidatar på Buskerud Arbeiderparti si stortingsliste

Svar til Sigrid Lien Sagabråten og Kaja Kværner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeiderpartiet vedtok i 2019 ei samarbeidsplattform med Senterpartiet, SV og MDG i Viken fylkeskommune. Innhaldet i denne samarbeidsplattforma står ved lag for Sp og Ap, sjølv om SV og MDG trekte seg formelt ut av samarbeidet i 2020. Det er det korte svaret til Senterpartiet sine ungdomskandidatar.

Om det blir regjeringsskifte til hausten og me får eit raudgrønt fleirtal på Stortinget, vil Viken fylkeskommune gjera utgreiingar for å sjå om det er grunnlag for å søkje Stortinget om å oppløyse Viken fylke. Men det er Stortinget som tek den endelege avgjerda, ikkje Viken fylkeskommune.