Jentelaget til HFK starta cupen med ein 3–2 siger over Tynset sundag.
Jentelaget til HFK starta cupen med ein 3–2 siger over Tynset sundag.

Sanka mål på fyrste kampdag

Hallinglaga sette lista høgt med sju sigrar, to uavgjort og berre eit tap etter fyrste kampdag i Norway Cup.

fotball: Sundag starta HFK-jentene med vellykka revansj 3–2 over Tynset, klubben dei tapte for i tv-sendt kamp for to år sidan. Cheyenne Conzales sette alle tre måla.

– Me er godt fornøgde med sigeren. Me tok leiinga ganske tidleg, så i andre omgang følte me oss ikkje særleg truga. Me var litt uheldig og fekk eit par skadar, mellom anna ei alvorleg kneskade for Linnea Thorset som dessverre er ute resten av turneringa, seier trenar Henrik Thorset. Måndag kjempar dei om plass i A-sluttspelet i tv-sendt kamp mot Otta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar jo sjølvsagt å vinne. Eg trur Otta er eit noko svakare lag enn Tynset. Me har sett dei spele mot Lillestrøm no, og det ser ganske bra ut.

Ein god start

HFK jr 2 drog i land ein 3–1 siger over Bækkelaget, etter å ha snudd kampen frå 0–1 dei siste 10 minuttane. Måndag måtte andrelaget ta til takke med 1–1 uavgjort mot Os. Samstundes starta HFK jr 1 Norway cup-veka med ein strålande 5–0 siger over Lizzy (Ghana).

– Det vart ein litt rotete kamp. Me kunne ha spelt betre, men me vann jo, og det er det viktigaste.

Ål/Geilo G16 etter ein klar siger 11–0 over Erdal.
Ål/Geilo G16 etter ein klar siger 11–0 over Erdal.
Dei siste 10 minutta vart avgjerande for HFK 2 i kampen mot Bækkelaget sundag.
Dei siste 10 minutta vart avgjerande for HFK 2 i kampen mot Bækkelaget sundag.

Revansj for HFK?

HFK trenar Jan-Eirik Thorberg seier seg nøgd med prestasjonane jamt over frå dei lokale laga.

– Det har jo gått bra så langt, eg synest me har kome godt i gong. I fjor avanserte juniorlaget til HFK heilt til finale, der dei til slutt måtte vinke farvel til gullet i straffekonkurranse mot Kurdistan.