Anita Svanes.
Anita Svanes.

Folkevogn-importøren tek kontakt

150.000 bilar i Norge må utbetrast etter Volkswagen-skandalen. Dei aktuelle bileigarane blir informert individuelt.

Volkswagen er avslørt i å ha installert eit jukseprogram i dieselbilane sine. Det gjer at utsleppa av miljøskadelege stoff er langt høgare enn dei skal vera.

Innrømmer lovbrot

Volkswagen innrømmer lovbrot, og opplyser at det er selt mange millionar bilar med jukseprogrammet. Berre i Norge må 150.000 bilar utbetrast, og eigarane av desse blir kontakta i løpet av dei neste vekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er frykteleg lei oss for denne situasjonen, og beklagar på det sterkaste, seier informasjonssjef i Volkswagen i Norge, Anita Svanes.

Forhandlarar er førebudde

Også i Hallingdal kan du kjøpe bilar frå Volkswagen, og Svanes fortel at den lokale forhandlaren er godt førebudd for å syte for nødvendige oppgraderingar om det er bilar i Hallingdal som er berørt av skandalen.

Alle aktuelle bileigarar blir kontakta av importøren.

– I mellomtida kan alle trygt bruke bilane sine som vanleg, presiserer Svanes.

Skandale

I Norge er det bilar av merket Volkswagen, Audi og Skoda som må utbetrast. Nye bilar etter Eu6-norm, samt alle dieselmotorar som ikkje er basert på EA189, er ikkje berørt. I Tyskland er konsernet i gang med å utarbeide tekniske løysingar for å reparere dei aktuelle bilane.

Det er liten tvil om at skandalen råkar Volkswagen hardt, men informasjonssjefen håpar dei kan bevare det gode forholdet til kundane i Norge.

– Me skal gjera absolutt alt med kan for å syte for at kundane ikkje blir skadelidande, forsikrar Anita Svanes.